Kva betyr amerikanisering og kva vil det innebere å bli amerikanisert? Forskjellane på amerikanisering og modernisering av samfunnet og er det umogleg å unngå ein amerikanisering av vera og då spesielt det norske samfunnet? Kva er eigentleg konsekvensane og problema me eventuelt må møte om me står mot USA – kan me ha sjølvstyre og demokrati etter ein eventuell amerikanisering?

Me veit som et faktum at det i dag brukast ein del amerikanske uttrykk i den daglege, norske tale. Ord som Shit, juice, caps, jeans og joghurt er låneord frå engelsk/amerikansk (sjølv om dei fleste orda opphavleg stammar frå germansk og latin). Etter 2. verdskrig og Marshallhjelpa fekk USA større betyding for og innflytelse på Noreg, då spesielt innan kultur, teknologi og ikkje minst politikk. Ein amerikanisering betyr då at me tar del, er opptatt av og lærar frå den amerikanske kulturen. Sidan me allereie brukar ein del låneord frå engelsk, står det fast at me allereie er påverka av USA. Å ble amerikanisert har ein litt annan betyding som er at me går frå eit punkt til eit anna der me innan den tid har blitt så påverka av USA at samfunnet vårt har blitt ein god ’kopi’ av deira samfunn. Kulturen, tradisjonane og det daglege livet vil være tilnærma lik USA. Eit anna punkt som er noko av det viktigaste er at deira politiske system og representantar begynnar å forme seg i Noreg. USA-vennlege, politiske organisasjonar dukkar opp i maktposisjonar og førar så lik politikk som mogeleg, i Noreg. Dette ved hjelp av enten eit fleirtal blant folket eller ved å innføre forskjellege lovar og avtalar som gjer det nærmast påbydt å følje ein politisk retning.
Enkelte personar meinar at det er umogeleg å unngå ein amerikanisering og at det uansett til slutt vil føre til dette. Det vil være å grave si eiga grav om me går imot USA og amerikaniseringa difor meinar noko personar at me må støtte opp mot amerikaniseringa og slutte oss til dette og modernisere Noreg og heile vera. Å gå imot imperialismen vil berre føre til at dei totalboikottar Noreg og norske varar. Ein boikott ville vært øydeleggandes for norsk økonomi og det vil forhindre at me tar del i den globale moderniseringa. Kven vil vel ende opp som på Cuba?
Andre meinar at det ville føre oss inn i nye tidar med krisar og mangel om me sluttar oss til det amerikanske, politiske spillet. Imperialistisk tankegang kjem hovudsakeleg frå, og er sterkast, i USA og dette visar historia at berre vil skape mangel og gradvis gi slipp på folkedemokratiet. I stede for dette skal fokuset ligge på å utvikla og utvide eit meir rettferdig demokrati kor samfunnet legg til grunn dei forskjellege behova ein treng og kor pengemakta ikkje er den dominerande parten i samfunnsutvikling og styresett. Om me ønskjer ein meir rettferdig utvikling må me ikkje bøye oss til det amerikanske styresettet for det då er umogeleg å fokusere på velferdsutvikling sidan profitt og økonomisk vekst er det som er i fokus.

Imperialismens profittjag - amerikanisering?
Det er viktig å sjå at me allereie er godt påverka av USA på mange punkta, men at det må gjeres forskjell på å bli amerikanisert og å ble påverka av dei. Dei som er for og imot må vel være einige om at Noreg må lære frå andre land – deira feil og suksessar. I dag er me opptatt av det som skjer i USA. Det er i media og norske politikare og vanlege folk diskuterar om amerikanske saker. Då valet i USA blei heldt, var det enorm interesse for dette i Noreg noko som bevisar at me er godt påverka av kva som skjer i USA. Me veit at om feil leiar bler valt og feil slutningar bler tatt i USA, så er det eit problem ôg i Noreg. Finanskrisa er eit prakteksempel på at me ôg kjenner resultatet av dei vala som bler tatt i USA. Ikkje berre Noreg, men heile vera. Dei så bler hardast ramma er dei landa som førar ein økonomisk fordelingspolitikk som er lik USA, for eksempel Island.
Ein amerikanisering vil tilslutt bety at me er hardt påverka av deira kultur, utvikling, språk og først og fremst politiske ståstad. Det er viktig å lære av og ta del i den amerikanske kulturen for å skape respekt, forståing og samarbeid mellom oss. Dette er noko me burde gjere med alle veras kulturar og grupper med folk – lære å forstå og samarbeide med dei for veras beste. Då meinar eg at me skal alle samen jobbe for å få slutt på nød og mangel og jobbe med å utvikle meir rettferd ved hjelp av eit reelt demokrati. Dette vil bli ganske vanskeleg om me skal følje ein imperialistisk institusjon og verkeleg amerikanisere oss, for då vil det ikkje være mogeleg å utvikle eit bra demokrati, dette på grunnlag av at pengemakt er ein hovudfaktor i å skape økonomiske forskjellar på folk flest.
USA er den største stormakta i vera og det er då sjølvsagt ikkje mogeleg å komme seg heilt vekk frå det, og det er kanskje ikkje det me vil oppnå? Noreg er eit rikt land som eksporterer ein god del olje og gass (osv) og difor bler det vanskeleg å boikotte oss i ein stor samanheng. Ein økonomisk boikott er heller ikkje ein god nok grunn til å leggje vekk demokrati og velferdsutviklinga me held på med i Noreg. Moderniseringa skjer i det vera utviklar seg og eg meinar at det er meir moderne å ikkje ha dødsstraff og det er meir moderne samt menneskeleg å prioritere gratis helseforsikring i staden for skattekutt til dei rikaste.
Me kan være glad for at Barrack Obama går mot den amerikanske kongressen !
For velferd & fellesskap. Mot imperialisme.
- Don Håkon Christensen,
Sosialistisk Ungdom.








